Vår historie

Historia om Jølster Betongbygg AS

Året er 1996, Ottar Berg og Tom Årdal går saman og etablerer Jølster Betongbygg ANS som skal utføre store og små prosjekter for kundar i heile Sunnfjord. Firmaet opplevde augeblikkeleg høg aktivitet som bidrog til å skape fleire nye arbeidsplassar i lokalmiljøet. Innan 3 år har bedrifta vakse frå 2 tilsette til 4. I slutten av 1999 bestemmer Tom seg for å forlate bedrifta. Ottar tek over styringa, som åleineeigar, og stiftar Jølster Betongbygg AS frå og med Januar 2000.

Verksemdas vekst held fram, og dei neste åra får dei moglegheit til å ta på seg store oppdrag i Sogn & Fjordane og Hordaland. Jølster Betongbygg AS utfører i åra som kjem bygging av ei rekkje bustadhus, skular, barnehagar, omsorgsbustadar, terrassehus, bustadblokker, kraftverk, bruer, hotell og rehabilitering av fleire bygardar i Bergen. Dette bidrog til positiv vekst for verksemda som i 2005/2006 hadde om lag 25 tilsette og 15-25 innleigde. Alle piler peiker oppover for bedrifta på dette tidspunktet, og Jølster Betongbygg mottek Gaselleprisen 4 gonger på rad i tidsrommet 2004 – 2007. Prisen blir eit symbol for bedriftas enorme vekst på kort tid og skaper ytterlegare optimisme mellom dei tilsette.

Lykka skulle derimot snu for den lokale betongbedrifta i Sunnfjord. Som mange andre fekk Jølster Betongbygg AS føle på effekten av finanskrisa i 2008. Den første konsekvensen var avlysinga av eit stort betongprosjekt i Bergen verdt kr 100 mill. Dette var ikkje den første eller siste avlysinga Jølster Betongbygg AS skulle oppleve i 2008. Fleire avlyste kontrakter, ein del reklamasjonar og uheldige omstende grunna stor vekst på kort tid medførte tap av eigenkapital og dermed store endringar for firmaet.

Det har teke mange harde år med omorganisering og opprydding for å få Jølster Betongbygg AS på rett kjøl. Den dag i dag derimot, er Jølster Betongbygg AS ein sterk og stødig betongentreprenør i Sunnfjord. Det harde oppryddingsarbeidet har resultert i at Jølster Betongbygg AS fekk i 2018 igjen pris som reflekterte verksemdas positive vekst og forvaltning av verdiar. Denne gongen blei bedrifta tildelt A3 vurdering frå Norsk Verdivurdering, som er den høgaste rangeringa innanfor vurderinga og rosar bedrifta for økt verdiskaping og vekst dei 6 siste åra. Igjen peiker alle piler oppover for Jølster Betongbygg AS og vi ser fram til kva framtida vil bringe.