Ledige stillingar

Vi søkjer etter Bas / Fagarbeidar innan betongarbeid

Jølster Betongbygg AS, etablert 1996, er ein betongentreprenør med tilhald på Vassenden i Jølster Kommune. Med fokus på kvalitet til rett tid, har vi etablert oss som ein solid betongentreprenør i Sunnfjord. Hovudarbeidsområde er i Sunnfjord, men vi har utført oppdrag i heile Sogn & Fjordane og Hordaland. Vårt mål er å framstå som ein påliteleg og fleksibel problemløysar av både enkle og kompliserte arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

Utføring av betongarbeid/bas for arbeidslag på byggeplasser

Kvalifikasjonar

Relevant fagbrev

Relevante kurs og sertifikat

Flytande norsk, både skriftleg og munnleg

Lang relevant arbeidserfaring, gjerne over 10 år

Personlege eigenskapar

Løysingsorientert med god gjennomføringsevne

Ansvarsbevisst og påliteleg

Fleksibel

Vi tilbyr

Gode pensjon- og lønsvilkår

Godt arbeidsmiljø med mannskap frå 19-60 år

Interesante og utfordrande prosjekter

Søknad m/CV, eller spørsmål rundt stillinga sendes til dagleg leiar, Ottar Berg, på e-post.


Jølster Betongbygg AS har over 30 års erfaring innan bygg- og anleggsbransjen, og spesielt innanfor betongfaget. Våre tilsette har ein kombinasjon av formell kompetanse og erfaringsbasert kunnskap som gir oss eit upåklageleg utgangspunkt for å utføre betongprosjekt av ulike størrelse til ulike formål.