Om oss

Jølster Betongbygg er ein lokalkjend, erfaren og påliteleg betongentreprenør med tilhaldsstad på Vassenden i Jølster. Ottar Berg er leiar av bedrifta og har sidan 1996 styrt bedrifta gjennom oppgangar og utfordringar.

Sjølv har dagleg leiar Ottar over 30 års erfaring i betongbransjen, 3 fagbrev innanfor forskaling, armering og betong i tillegg til ei rekkje andre kompetansebevis og kurs. Jølster Betongbygg AS består av 8 faste tilsette og 2 lærlingar som alle lever etter mottoet «Kvalitet til rett tid».

Vi utfører alt innan betongarbeid til alle typar bygg og formål, for alle typar kundar hovudsakeleg i Sunnfjord. Vi tek også på oss enkelte oppdrag i heile Sogn og Fjordane og Hordaland.

Bedrifta vår er Sentralt Godkjent innanfor «Plasstøpte betongkonstruksjoner tiltaksklasse 2», er StartBANK Leverandør og Godkjent Lærebedrift i betongfaget