Våre tenester

Vi er ein betongentreprenør som hovudsakleg arbeider for det private og offentlege næringslivet. Våre hovudoppdrag er golvstøyping, sliping av golv, og betongkonstruksjonar til bustadhus, garasjar, og hytter.

Våre tenester

Vi er en ren betongentreprenør som i hovedsak jobber for det private og offentlige næringsliv. Vi utfører alt av betongkonstruksjoner.

Over 40 års erfaring og eit lag av dyktige fagfolk.

Våre tilsette kombinerer formell kompetanse med lang erfaring, noko som gir oss eit solid grunnlag for å gjennomføre betongprosjekt av ulike storleikar og til ulike formål.

Vårt hovudarbeidsområde er primært i Jølster, Førde, Naustdal, Gaular og Gloppen, men vi tek òg på oss oppdrag i heile Vestland fylke, inkludert Bergen, samt i Møre og Romsdal. Jølster Betongbygg AS er ein uavhengig aktør på marknaden, og gjennom faste samarbeid med andre entreprenørar og leverandørar kan vi tilby eit breitt spekter av tenester, som vanleg betongarbeid, sliping og polering av betonggolv.

Vi utfører betongarbeid både for private kundar og som underentreprenør for små og store bedrifter. Oppdraga våre spenner frå enkeltståande oppdrag til større prosjekt innan betongarbeid.

Golvstøyping

Vi har utvikla ein eigen golvresept med overflatebehandling for garasjer og industrigolv. Vi isolerar, radonsikrar, armerar, støypar og pussar golv direkte til private utbyggarar eller til hovudentreprenørar. Vi utfører også støypeoppdrag der forarbeidet er utført av andre aktørar. Kontakt oss

Golvsliping

Vi utfører, i samarbeid med Sulabrands AS, sliping av betonggolv. Vi leverer 3 variantar, og resultatet er eit ferdig golv i betong, klart til bruk.

Garasjer

Vi utfører alt av betongarbeid på garasjer, som fundamentering, grunnmurar, dekker, isolering, armering og golvstøyp med behandling som beskyttar mot vegsalt og oljesøl.

Hytter Fritidsbustadar

Vi utfører alt av betongarbeid til hytte og fritidsbustadar, som fundamentering, ringmurar, isolering, radonsikring, armering og støyping av innvendige golv og utvendige platningar.

Bustadhus i betong

Jølster Betongbygg AS har erfaring med å bygge hus i betong. Vi fundamenterer på grunn, utfører grunnmurer i betong med isolert kjerne eller i kub-mursystem med fiberpuss utvendig. Vi isolerar, radonsikrar, armerar og støyper golv med innstøypt varme. Etasjeskilje kan utførast i kompakt betong og påstøyp med innstøypt varme, alt etter prosjekterte løysingar. Vi utfører også alt av betongarbeid til bustadhus i trekonstruksjon.

Hotell

Jølster Betongbygg AS utfører alt av betongarbeid til hotellbygg, hovudsakleg i samarbeid eller som underentreprenør direkte til byggherre eller til hovudentreprenørar.

Naust Brygger Bruer

Jølster Betongbygg AS utfører betongarbeid med fundamentering, ringmurar og golv til naustbygg. Vi har også utført betongarbeid på brygger og gangbruer direkte til byggherrer eller som underentreprenør til hovudentreprenørar.

Forstøtningsmurar

Vi utfører betongarbeid med forstøtningsmurar rundt hageanlegg, parkeringsplassar, tomter, hytter og hus.

Industribygg Forretningsbygg

Jølster Betongbygg AS utfører alt av betongarbeid til industribygg, forretningsbygg og hotellbygg, hovudsakleg i samarbeid eller som underentreprenør direkte til byggherre eller til hovudentreprenørar.